Haus Musikklag
 • Nyhende    • Haus Musikklag    • Styret    • Medlemar    • Arrangement    • Aktivitetskalender    • Bilete    • Vil du støtte oss?    • Kontakt     • Gjestebok    • Hjem  

 

 

   Medlemar
    - Merethe Mjånes
    - Ida Marie Midttun
    - Kristine
    - Tone Hetlevik
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 366 833

 

 

 




Tone Hetlevik
 
 

Tone kjem opprinneleg frå Espeland, men etter tips frå ein tidlegare dirigent endte ho opp i Haus Musikklag - og er der enno! Her kan de lese meir om kva Haus Musikklag har å sei for hennar kvardag. 

Navn: Tone Hetlevik

Alder: 46

Utdanning/yrke: Kontormedarbeidar

Instrument og kvifor spelar du dette: I aspiranttida spelte eg kornett. Eg fekk althorn då eg kom inn i skulemusikken. Eg har og vore innom baryton og euphonium. No er det althorn og trives med det.       

Korpsbakgrunn: Lone Skulemusikk, Musikklaget Janus og Frelsesarmeen i Bergen.

Når byrja du i Haus Musikklag? Eg byrja i HML hausten 1990. Dirigenten me hadde i skulemusikken tipsa meg om Haus Musikklag og det var ikkje eit dumt tips. Eg er fortsatt med og har aldri hatt planer om å slutta å spela i HML.

Beste minne med Haus Musikklag: Dei beste minna frå HML er alle dei fine julekonsertane i bygda vår og avsluttingsnummeret Deilig er Jorden. Konkurransar som me har vore med på og tilbakemeldingar me får som seier kva me må jobbe meir med for å bli eit betre korps.

Kva betyr det for deg å spele i korps/HML? Frå den dagen eg kom inn i korpsbevegelsen har det vore ein stad eg kan slappe av og vera meg sjølv. Eg har fått mange gode vener på tvers av aldersgrupper og kjønn. I Haus Musikklag er me ein fin gjeng med humøret på topp. Latteren sit laust!




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Haus Musikklag, 5286 Haus - Epost: hausmusikklag@hotmail.com - http://www.facebook.com/hausmusikklag