Haus Musikklag
 • Nyhende    • Haus Musikklag    • Styret    • Medlemar    • Arrangement    • Aktivitetskalender    • Bilete    • Vil du støtte oss?    • Kontakt     • Gjestebok    • Hjem  

 

 

   Medlemar
    - Merethe Mjånes
    - Ida Marie Midttun
    - Kristine
    - Tone Hetlevik
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 355 274

 

 

 




Ida Marie Midttun
 
 

Neste musikant ut er vårt foreløpig yngste medlem; Ida Marie!

Navn: Ida Marie Midttun

Alder: 22

Utdanning/yrke: Barnehagelærer-student

Instrument og kvifor spelar du dette:

Flygelhorn; endeleg! Det er aldri kjekt når folk gir seg i korpset, men eg skal innrømme at eg smila litt då det opna seg ein plass på instrumentet eg alltid har hatt lyst til å spele.

Korpsbakgrunn:

Haus skulemusikk som seinare vart Osterøy felleskorps, no Haus Musikklag. Når byrja du i Haus Musikklag? Eg er litt usikker, men trur eg var fjortis og svært usikker på om eg faktisk skulle byrje i ”vaksenmusikken” eller gi meg med heile korpsspelinga. Eg er i dag veldig glad for at eg fortsette. Eg har funne meg ein hobby eg kan drive aktivt med i mange år framover, og eg diggar det.

Beste minne med Haus Musikklag:

Det må vere NM, reint musikalsk som ei utfordring og oppleving litt utanom det vanlege stikk det seg såklart fram - men - vi har generelt ein veldig fin og uhøgtideleg sosial tone i korpset og kanskje er det nettopp måndagskveldane på Haus skule som er det finaste å tenke på når alt kjem til alt. Latteren sitt laust og vi har det rett og slett berre veldig kjekt ilag.

Kva betyr det for deg å spele i korps/HML?

Det har begynt å demre for meg at det har betydd - og framleis betyr - mykje meir for meg enn eg kanskje har skjøna tidlegare. Du har det reint musikalske, det å faktisk meistre eit instrument og kunne samspele med andre for å skape vakker musikk (som også med åra har vist seg å kome veldig godt med i andre arenaer kor musikk er sentralt), og så har ein det sosiale - prikken over i’en om du spør meg - som gjer at det å spele i korps ikkje berre handlar om musikken men også om eit felleskap som samlar folk på tvers av kven ein er og kor gamal ein er.




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Haus Musikklag, 5286 Haus - Epost: hausmusikklag@hotmail.com - http://www.facebook.com/hausmusikklag