Haus Musikklag
 • Nyhende    • Haus Musikklag    • Styret    • Medlemar    • Arrangement    • Aktivitetskalender    • Bilete    • Vil du støtte oss?    • Kontakt     • Gjestebok    • Hjem  

 

 

   Medlemar
    - Merethe Mjånes
    - Ida Marie Midttun
    - Kristine
    - Tone Hetlevik
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 355 276

 

 

 




Merethe Mjånes
 
 

Fyrst ut er leiar i laget, Merethe Mjånes:

Namn: Merethe Mjånes

Alder: 27

Utdanning/yrke: Sjukepleiar

Instrument og kvifor spelar du dette: 
Kornett, Principal i Haus Musikklag. Byrja som alle andre aspirantar med kornett, hadde eit flyktig forhold til ein baryton meiner eg, men så vart det tilbake til kornett igjen. Kjøpte min eigen kornett for konfirmasjonspengane og sidan har eg holdt meg til den. Hadde forresten kornett som hovudinstrument på musikklina ved Voss Gymnas, ikkje at eg ytte så stor innsats der.

Korpsbakgrunn: Haus Skulemusikklag, Evanger Musikklag (2005-2008), Haus Musikklag

Når byrja du i Haus Musikklag? Som aspirant i 2003, så fast i 2008 då eg flytta heimatt.

Beste minne med Haus Musikklag: Deltakinga vår i NM 2015. Fantastisk stemning og oppleving generelt.

Kva betyr det for deg å spele i korps/HML?

Det betyr fellesskap, speleglede, sosialt, vener overalt. Det gjer meg stolt å vera ein del av kulturlivet i Noreg, å kunne videreføre noko som er svært tradisjonsrikt. Å spela i korps har gitt meg disiplin og vist meg verdien av å skapa vakker musikk saman med andre på tvers av alder og yrke. Det blir kjekkare og kjekkare med åra, og det gjer meg eit fellesskap over heile landet – og forbi. 
Eg er glad me har eit korps i Haus, og mitt foreløpige mål er å nå 100 års-jubileet i 2022. Andre mål må vera å halda ambisjonsnivået oppe og utvikle oss musikalsk til eit enno betre korps.




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Haus Musikklag, 5286 Haus - Epost: hausmusikklag@hotmail.com - http://www.facebook.com/hausmusikklag