Haus Musikklag
 • Nyhende    • Haus Musikklag    • Styret    • Medlemar    • Arrangement    • Aktivitetskalender    • Bilete    • Vil du støtte oss?    • Kontakt     • Gjestebok    • Hjem  

 

 

   Medlemar
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 366 804

 

 


Vil du spele i Haus Musikklag?

Rekruttering er alltid ein utfordring i eit musikklag, difor ynskjer me at fleire kjem tilbake til Haus Musikklag! Send oss gjerne ei melding på facebook, eller mail til hausmusikklag@hotmail.com.

Her kjem nokre etterlysingar:

 

Vil du spele med oss?
Me øver måndagar kl 19.00-22.00 på Haus Skule, som i fylgje Google Maps ligg 40 min frå Bergen sentrum. 
Av instrument er det ledig plass på; kornett, Eb-kornett, Baryton, trombone, tuba og (spesielt) slagverk. Med fleire musikantar kan ein spela enno meir variert musikk!

-----------------------------------------------------------------------------------------

Haus Musikklag søkjer deg som var med tidlegare og spelte (anten skulekorps eller musikklag), men som slutta pga utdanning eller travel småbarnsperiode. Me søkjer deg som synes det er kjekt med korps og som ynskjer at me skal fortsetje med det me heldt på med, og som vil hjelpe oss med akkurat det. Me byrjar å få ein aldrande besetning og vil gjerne at folk under 60 år skal kome tilbake og hjelpe oss å utvikle oss. 

Kjenner du deg truffe på noko vis, eller kjenner nokon som passar denne skildringa? 
Ta kontakt!

-----------------------------------------------------------------------------------------

Er du lei av konkurransefokus og jaget mot å heile tida vera best? Kva med å ta eit "kvileår" i eit rolig amatørbrassband på Osterøy,ein halvtime frå Bergen sentrum? 
Haus Musikklag har plass til musikantar i dei fleste instrumentgrupper, og me tar hjarteleg imot dei som vil spele saman med oss. Det er høg snittalder, men me kjenner oss ikkje eldre enn vårt yngste medlem (som er 22,5 år). For vår del gjer det ingenting om du er "dritgod" for då får me noko å strekkje oss etter, men det er inga krav til dette Uttrykksikonet wink

Me øver måndagar kl 19.00-22.00 på Haus Skule Uttrykksikonet smile
Håpar dette kan vera interessant Uttrykksikonet smile

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Haus Musikklag, 5286 Haus - Epost: hausmusikklag@hotmail.com - http://www.facebook.com/hausmusikklag